Guvernørbesøk i Arna

Distriktsguvernøren presenterte seg sjølv som privatperson og stolt rotaryanar. Han er frå Stiklestad/Værdal  der han arbeidde i Nordtrøndelag fylkesadministrasjon. Jostein fann seg kone frå Olden og flytta til Sogn og Fjordane. Dei har vore busett i Førde sidan 1980. Jostein har mellom anna arbeidd 14 år som rådmann i Jølster, og han har vore Rotarymedlem sidan 2006. Hovudoppgåve som guvernør meiner han er å gi informasjon /inspirasjon/råd til klubbane. (NB! Ikkje «tilsynsbesøk»).

Det er ein definert skilnad mellom å vera rotarymedlem (passiv) og rotarianar (aktiv) – det er viktig både for seg sjølv og sine medmenneske, sa Guvernøren. Han presiserte at det er rom for begge – men oppfordra oss til å søkja sistnemnde status. 

Rotary er ein verdsomfattande organisasjon med  1.229.954 «familie»medlemmar fordelt på 33000 klubbar. Klubbane er fordelt på stort sett alle land, med unntak av Nord Korea. Guvernøren framheva Rotary som initiativtakar ogbidragsytar til å utrydda Polio. Etter 30 års kamp er vi nesten i mål. Kun Pakistan og Afghanistan gjenstår,  Pakistan hadde 150 poliotilfelle  i fjor og kun 25 i år. Afghanistan. er og på glid etter at ei imamdotter vart sjuk, så vart det fokus på vaksinering.

Prosjektet «10000 happy birthdays» reddar born gjennom aktiv opplæring av jordmødre. Guvernøren illustrerte dette med eiga oppleving frå Zambia/Livingstone der vesle Agnes fekk livet i gåve som direkte følgje av prosjektet. 

Jostein har ei oppfordring til klubbane:  Bli flinkare på ungdomsutveksling. Vi kan og bidra med meir kapital til rotaryfondet (målet er 100 dollar pr. medl.). Bank på dører – det vil seia besøk og delta på møter i andre klubbar når du er ute og reiser, det er 33000 alternativ. 

Guvernøren avslutta med å sitera vår internasjonale President K.R. Ravindran : «Be a gift to the world»

Spørsmål frå forsamlinga: Er det noko på gang m.o.t. «round trip»(mobil sommarleir for ungdom)? Svar:  Haugesund arrangerer neste år – Arna og Åsane i 2017. Finns det gode oppskrifter på ungdomsutveksling  - korleis finna/engasjera vertsfamilie? Svar: Guvernøren undersøkjer i andre klubbar og melder tilbake.

Sveinung delte ut velfortent takk og delte ut lagets jubileumsskrift til gjestane.


 

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Arna Idrettspark
Adresse: Indre Arna vegen 189
Postnummer: 5260
Sted: Indre Arna
Land: NO
Møtedag: Mandag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no
Møtedetaljer: GPS koordinater: 60.425737,5.471642

Plasser innhold her

Møtearkiv fra
før August 2022



roterende lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

Loading RSS...

Distrikt - Rotary RSS

Loading RSS...