Utbyggingsdirektør Alf Sognefest gav Arna Rotary Klubb en status på hvordan storprosjektet på Flesland går.
Alf fortalde fyrst litt om seg sjølv; han har arbeid på flyplassen sidan 2002 i forskjellige roller. Deretter tok han oss gjennom utviklinga frå sjøfly terminal på Hjellestad til dagens store utbygging på Flesland. Han gjekk og inn på teoretisk og praktisk kapasitet på dagens terminal, desse er henholdsvis 3,4 og 6 millionar reisande pr år på 22000 m2. Med dagens utbygging og sikring av land for framtida der ein har prøvd å tenkja det umogelege blir ny terminal på 85000 m2 med ein kapasitet på 7,5 – 10 millionar reisande og det er mogeleg å utvida denne kapasiteten til 15 millionar reisande.
Total kostnad for den nye terminalen når den vert opna i august 2017 er budsjettert til 4,7 milliardar kroner, det ser pr. i dag ut som dei skal klare å levere både på tid og kost.
Bybanen vil ha endestopp inni den nye terminalen med eit snuspor. På sikt er det planlagt riving av både den noverande terminalen og helikopterterminalen. Det er og lagt planar for ei ny rullebane.
Alf kunne og fortelje om svært gode relasjonar til stort sett alle dei involverte aktørane i prosessen med ny terminal, med eit lite unntak; dei antikvariske myndigheitene har ikkje vore veldig løysningsorienterte.
Til slutt var det nokre kommentarar og spørsmål frå salen før president Sveinung delte ut ei flaske vin til Alf Sognefest.
7. januar 2019
I november gjennomførte Arna Rotary sin 11. utdanningsmessen i Bjørnarhallen, med 16 skoler og 14 utstillere i hallen. Det var godt og jevnt besøk de første timene, men roet seg litt etter klokken 20.
23. oktober 2018
Også dette året organiserte og administrerte Arna Rotaryklubb TV-aksjonen, en oppgave klubben har hatt hvert år siden TV-aksjonen ble startet i 1974.
23. oktober 2018
På vegne av Distrikt 2250 hadde Arna Rotary Klubb gleden av å arrangere Distriktskonferanse på Voss 5. – 7. oktober 2018. Hele 126 personer var påmeldt, hvorav 30 var ledsagere.