Julegodt

I Bergen heiter det seg visstnok at når ein aktivitet har funne stad to gonger, då er det blitt ein tradisjon. 

I så fall har vi i Arna Rotary starta ein god tradisjon, ettersom vi også i år, som i fjor, kunne reise rundt til ei rekkje institusjonar, sjukeheimar, bofellesskap og liknande i Arna, og i år også til nokre institusjonar på Osterøy, og by på julegodt til bebuarar og brukarar. Håpet er at det neste år også kan utvidast til fleire institusjonar på Osterøy. Styret i ARK hadde på sitt siste styremøte bidratt med pakking av heile 35 kartongar med eit rikt utval av frukt, smågodt og «juleknask», og fredag 9. desember var det klart for utkøyring av desse til mottakarane. 

Vi kjenner alle i klubben til kor stor glede det er når vi i januar kvart år arrangerer julefest for eldre i Arna, der medlemane  i klubben både hentar gjestane våre til festen og sørgjer for at dei kjem seg vel heim igjen etterpå. Og jamen er det stor glede også å sjå kor stor pris det blir sett på når vi kjem rundt og leverer kartongane med julegodt. Ein gjevande aktivitet, som absolutt bør vidareførast som ein god tradisjon. 

Det må også nemnast at KIWI-butikken på Arnatveit bidrar med gode prisar på dei varene me fyller kartongane med. 



 

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Arna Idrettspark
Adresse: Indre Arna vegen 189
Postnummer: 5260
Sted: Indre Arna
Land: NO
Møtedag: Mandag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no
Møtedetaljer: GPS koordinater: 60.425737,5.471642

Plasser innhold her

Møtearkiv fra
før August 2022



roterende lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

Loading RSS...

Distrikt - Rotary RSS

Loading RSS...