Eldrefesten like kjekk i år som alltid

Så kjekt det er å sjå når folk koser seg, når dei har det hyggeleg, treffer kjente, blir kjent med nye, ja beint fram stråler av trivnad. Slik er det når Arna Rotary Klubb har sin årlege eldrefest, og slik var det også i år då festen fann stad 9. januar i kyrkjelydshuset i Arna. 

Gunvor Djønne ønskte velkomen eit hundretals gjestar, der dei aller fleste var blitt henta av sjåførar frå ARK, som på tradisjonelt vis bidrar med både å henta gjestane og sørgje for at dei kjem veil heim igjen etter festen.  Presidenten, Svein Akselberg, helste frå klubben og heldt ei kort og grei orientering om dei aktivitetane klubben årleg steller med, og der eldrefesten inngår som ei av dei kjekkaste oppgåvene og som alle medlemene ser fram til kvart år.  

Også i år deltok Haukeland Songlag med både kjente og kjære julesongar og nokre melodiar til, noko som det er tydeleg at gjestane set veldig stor pris på. Så all mogleg takk til Haukeland Songlag, med sin denne gongen nye dirigent Jan L. Jacobsen, for at dei stiller opp år etter år!! 


Hovudtalar på festen i år var tidlegare Land-ansvarleg i Røde Kors, Ole Johan Hauge, som snakka om Fangeleiren på Espeland, som jo er den einaste gjenverande leiren frå den 2. verdskrigen i Skandinavia. Han gav ein grundig og interessant gjennomgang av mange ulike skjebnar til folk som hamna i fangeleiren, og dei «forbrytelsane» dei hadde gjort seg skuldige i. I fangeleiren sat mellom anna motstandsfolk, sabotørar, gislar, politifolk og folk som berre hadde utført det ein kan kalla sivil ulydnad og gutestrekar. I alt var det 2026 personar som var innom leiren som fangar. Ole Johan understreka at leiren i dag framstår som eit unikt minnesmerke over kvinner og menn som kjempa for eit fritt Norge. 

Også i år blei det heile avslutta med utlodning av alle blomane som utgjorde bordpynten. Gunvor avslutta festen med takk til alle, og ekstra takk til Jan Erik Reknes som også i år akkompagnerte ved allsangen. 



 

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Arna Idrettspark
Adresse: Indre Arna vegen 189
Postnummer: 5260
Sted: Indre Arna
Land: NO
Møtedag: Mandag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no
Møtedetaljer: GPS koordinater: 60.425737,5.471642

Plasser innhold her

Møtearkiv fra
før August 2022



roterende lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

Loading RSS...

Distrikt - Rotary RSS

Loading RSS...