Så kjekt det er å sjå når folk koser seg, når dei har det hyggeleg, treffer kjente, blir kjent med nye, ja beint fram stråler av trivnad. Slik er det når Arna Rotary Klubb har sin årlege eldrefest, og slik var det også i år då festen fann stad 9. januar i kyrkjelydshuset i Arna.
Også i år deltok Haukeland Songlag med både kjente og kjære julesongar og nokre melodiar til, noko som det er tydeleg at gjestane set veldig stor pris på. Så all mogleg takk til Haukeland Songlag, med sin denne gongen nye dirigent Jan L. Jacobsen, for at dei stiller opp år etter år!!
Hovudtalar på festen i år var tidlegare Land-ansvarleg i Røde Kors, Ole Johan Hauge, som snakka om Fangeleiren på Espeland, som jo er den einaste gjenverande leiren frå den 2. verdskrigen i Skandinavia. Han gav ein grundig og interessant gjennomgang av mange ulike skjebnar til folk som hamna i fangeleiren, og dei «forbrytelsane» dei hadde gjort seg skuldige i. I fangeleiren sat mellom anna motstandsfolk, sabotørar, gislar, politifolk og folk som berre hadde utført det ein kan kalla sivil ulydnad og gutestrekar. I alt var det 2026 personar som var innom leiren som fangar. Ole Johan understreka at leiren i dag framstår som eit unikt minnesmerke over kvinner og menn som kjempa for eit fritt Norge.
Også i år blei det heile avslutta med utlodning av alle blomane som utgjorde bordpynten. Gunvor avslutta festen med takk til alle, og ekstra takk til Jan Erik Reknes som også i år akkompagnerte ved allsangen.