Arna Rotary Klubb tildeler Geir Kleiveland Paul Harris Fellowship for sin innsats
Geir Kleiveland har i ei årrekkje vore ei drivande kraft i formidling av mellom anna Osterøy si historie.Geir Kleiveland er fødd i 1948 og er utdanna cand.philol frå Universitetet i Bergen i 1975. Etter det arbeidde han som lektor ved Osterøy Ungdomsskule til 1990. I 1991 starta han arbeidet med bygdebok i tre bind for Naustdal i Sunnfjord, og sidan utarbeidde han gards- og ættesoge for Meland, også det i tre bind. Men det er først og fremst i arbeidet med å dokumentera og presentera Osterøy si historie han har gjort ein uvurderleg innsats.
Han vart leiar i Osterøy Sogelag i 1986, eit verv han framleis har, og han har sidan 1989 vore med i skriftstyret for den årlege publikasjonen «Osterøy i soge og samtid» som Sogelaget står bak. Han har vidare skrive ei rekkje bøker om ulike sider ved Osterøy si historie, og han har også vore med i skriftstyret for fleire publikasjoner om Osterøy generelt og hendingar og tilhøve på Osterøy spesielt.
Det kan her nemnast bøker som «Bygda gjennom tidene» der han skriv om Hauga-bygda frå eldste tider til i dag, «Ein våg me veit om» om Mjøsvågen i Hosanger, «Osterøy Bygdebok» i fleire bind, og «Osterøy til fots». Han har dessutan vore redaktør for boka «Vegalangs på Osterøy» og «Fram i hundre» der soga til Ungdomslaget Fram blir presentert, mellom anna.
Geir har i mange år vore ein svært ettertrakta føredragshaldar, både på Osterøy Museum, Osterøy og Arna Senioruniversitet, og ulike lag og organisasjonar elles. Spesielt hans glimrande presentasjon av historia til Herlandsfossen Kraftverk går det gjetord om. Han har også vore gjest hjå oss i Arna Rotary Klubb, der han snakka om industriutvikling på Osterøy i eit historisk perspektiv. Og det var særleg slik vi i klubben vår vart klar over Geir sitt omfatande arbeid med historiedokumentasjon, noko som me er viss på gjer at han er ein verdig mottakar av utmerkinga Paul Harris Fellow.
Eit anna engasjement som Geir Kleiveland brukte mykje tid på i si tid, var ungdomslagsarbeid, både i det lokale ungdomslaget «Fram» på Hauge, og også i ein periode som leiar I Hordaland Ungdomslag.