ØKONOMISK STØTTE TIL LOKALE LAG, FOREININGAR OG ORGANISASJONAR
Arna Rotary Klubb deler kvart år ut økonomisk støtte til lokale lag, foreininger og organisasjonar i Arna og på Osterøy.
Frist for å søkje om slik støtte i år er 1. april 2024.
Søknaden må innehalde kven som søkjer, kva støtten skal brukast til og kor stort beløp det blir søkt om. Støtten skal ikkje gå til vanleg drift. I ettertid må det sendast ein rapport til Arna Rotary Klubb om kva støtten er brukt til.
Søknad og eventuelle spørsmål kan sendast: Arna@rotary.no