Årets eldrefest

Tradisjonar er gode å ha, gode tradisjonar er viktig å halde i hevd og omkring juletider er tradisjonar ekstra viktig for mange. Slik er det også i Arna Rotary Klubb, der den årlege Eldrefesten tidleg i januar er noko av det kjekkaste klubben har gleda av å laga til.

I år fann festen stad 13. januar, og ca 90 gjestar trossa det særdeles våte veret og deltok denne kvelden. Dei aller fleste blir køyrd både til og frå festen av Rotaryklubben sine medlemer, men ein del tok seg fram på eiga hand, enten med eigen bil eller til fots i styggeveret.

Årets president i Arna Rotary Klubb, Vidar Skistad, helste frå klubben og orienterte om klubben sine aktiviteter gjennom året, både lokalt og utover lokalsamfunnet. Rotary sitt motto er «Å gagne andre», noko som inneber både inspirasjon og utfordringar.

Det er også tradisjon på dette arrangement at gjestane får servert varm sjokolade og snittar, noko me både ser og høyrer blir sett stor pris på.

Eit fast og veldig populært innslag på festen er også at Haukeland Songlag deltek med nydeleg framføring av kjære julesongar, under leiing av dirigent Tove Anette Holter. 

Kåsør denne gongen var Bjørn Ove Eliassen, som snakka om sine oppvekstår i Arna og interessante hendingar i det som den gongen var ei bygd i Haus kommune.

Seinare vart det servert kaffi og kringle, før stemningsfull avslutning med Deilig er jorden, akkompagnert av den faste pianisten på desse festane, Jan Erik Reknes.

På vår Facebookside kan du lese meir og sjå bilder frå festen: https://www.facebook.com/share/p/163o8qKqvs/


 
Utmerkelsen Paul Harris Fellow tildeles Solveig Hauge

17. mars 2025

Utmerkelsen Paul Harris Fellow tildeles Solveig Hauge

Solveig Hauge er sykepleier og har i mange år jobbet som sykepleier på avdeling for barn med kreft og blodsykdommer på Rikshospitalet.

Utmerkelsen Paul Harris Fellow tildeles Sveinung Mjelde

17. mars 2025

Utmerkelsen Paul Harris Fellow tildeles Sveinung Mjelde

Sveinung Mjelde ble medlem i Arna Rotaryklubb 18.12.2007 og var president  i perioden 2015-16.

6. mars 2025

ØKONOMISK STØTTE TIL LOKALE LAG, FOREININGAR OG ORGANISASJONAR

Arna Rotary Klubb har som motto 'Å gagne andre' og deler kvart år ut økonomisk støtte til lokale lag, foreininger og organisasjonar i Arna og på Osterøy.

Bekjempelse av polio i 2023-2024

19. februar 2025

Bekjempelse av polio i 2023-2024

På klubbmøte 17. februar var guvernør Rolf Thingvold på besøk.

Er du eit musikktalent?

14. februar 2025

Er du eit musikktalent?

Musikktalent 2025.

Sigrid Molkdestad m/2 musikere

7. februar 2025

Sigrid Molkdestad m/2 musikere

Avslutningskonsert under kulturdagane i Arna 2025.

Årets eldrefest

17. januar 2025

Årets eldrefest

Tradisjonar er gode å ha, og gode tradisjonar er viktig å halde i hevd

Julekasser

1. januar 2025

Julekasser

Hvert år deler Arna Rotaryklubb ut julekasser til ulike bedrifter i Arna og på Osterøy.

TV-aksjonen 2024

20. oktober 2024

TV-aksjonen 2024

Søndag 20. oktober gjennomførte Arna Rotaryklubb TV-aksjonen i Arna bydel.

Pizzafest for bofellesskapene i Arna

16. oktober 2024

Pizzafest for bofellesskapene i Arna

Tirsdag 24. september inviterte Arna Rotaryklubb til pizzafest på Øyrane Torg.