Eldrefesten 2026
Måndag 12. januar var det igjen tid for Arna Rotaryklubb sin årlege eldrefest i Kyrkjelydshuset i Arna. Dette er eit arrangement med tradisjon mange år tilbake i tid, og denne gongen var det 96 gjestar som benka seg kring pynta bord for å nyta velsmakande snittar, varm sjokolade og seinare kaffi og tebrød.
Og innimellom dette var det helsing frå klubben sin president, Odd Fosse, og Haukeland Songlag deltok med vakker julesong slik dei har gjort i veldig mange år. Ein stor takk til Haukeland Songlag som altså kvart år bidreg med julstemning også på nyåret. Og det er absolutt noko som blir sett stor pris på av gjestane på festen.
Kåsør denne kvelden var Tor Solhaug, og han tok oss med på daglegliv hjå slektningar i Eksingedalen frå tidleg på 1900-talet og nokre tiår framover. Med sin gode forteljarevne gav han forsamlinga ei hyggjeleg stund.
Dei aller fleste gjestane på eldrefesten blir henta av Rotaryklubben sine medlemmer, og etter festen blir dei frakta trygt heim igjen av dei same sjåførane.
Det meste på eldrefesten er altså gode tradisjonar, slik også med stemningsfull avslutning med Deilig er jorden, akkompagnert av den faste pianisten på desse festane, Jan Erik Reknes.
På vår Facebookside finn du fleire bilete frå festen: https://www.facebook.com/share/p/1NpvBMSMZH/
16. januar 2026
Eldrefesten 2026
Måndag 12. januar var det igjen tid for Arna Rotaryklubb sin årlege eldrefest i Kyrkjelydshuset i Arna.
15. januar 2026
Demensarrangement Åsane Kulturhus
Åsane Rotaryklubb invititerer til nytt formiddagstreff torsdag 29. januar ember kl 12:00 - 14:00
4. juli 2025
Ny president for Rotaryåret 2025/2026
Mandag 30. juni var det presidentskifte i Arna Rotaryklubb.
12. august 2024
Ny president for rotaryåret 2024/2025
Mandag 24. juni var det presidentskifte i Arna Rotaryklubb
12. august 2024
Takk til foredragsholdere 2023/2024
Arna Rotary klubb vil med dette takke alle foredragsholdere og bedrifter som har tatt imot oss på besøk i Rotary året 2023-24
28. september 2023
Støtte fra Arna Rotaryklubb
Arna Rotary klubb gav i år støtte til at det kunne lages fest for beboere i boliger for psykisk utviklingshemmede i Arna
14. mars 2023
PETS 2023 - Heder og ære til Arna Rotaryklubb
Helgen 10.-12. mars ble det arrangert PETS på Bryne.