Talentpris for Arna og Osterøy 2020

Koronaviruset klarte ikkje å stoppe årets talentpris, men det vart ei litt anna ramme rundt utdelinga av prisen enn planlagt. Mandag 27 april fekk prisvinnaren, Hannah Moira Midtbø – Bruner, tildelt prisen i ei nesten tom Arna kyrkje.Ove Skjoldal delte ut prisen til Hannah Moira Midtbø – Bruner
Til stades var berre kulturkonsertkomiteen, representant for sponsoren Norengros AS, juryen og Bygdanytt, men stemninga var det ingenting å seie på då Hannah gav ein overbevisande minikonsert for ei handfull tilhøyrarar.  

Hannah er 17 år gamal, og busett på Osterøy med kanadisk far og norsk mor.  I grunngjevinga frå juryen står det mellom anna at søkjaren har stor interesse for norsk folkemusikktradisjon gjennom hardingfele- og flatfelespel, men syner og interesse for kanadisk folkemusikk og klassisk fiolin.  Søkjaren får undervisning på høgt nivå i alle tre stilartar.  Ho har deltatt i folkemusikkonkurransar både i Canada og Noreg med svært gode resultat bla med prisar både frå kappleikar i Noreg og meisterskap i Canada. 
Hannah spelte i ei Konona-tom Arna Kyrkje

Hannah er aktiv både som soloutøvar og som medlem i ulike gruppe- og orkesterensembler. Søkjaren har ein klar ambisjon om å gjere musikk til eit levebrød gjennom vidare musikkutdanning, og har og mål om å bruke talentet sitt til å motivere barn og unge til å bli kjend med både folkemusikk og klassisk musikk. 


Vi applauderer og gratulerer.

Bilete 1:  Ove Skjoldal delte ut prisen på vegne av komiteen for kulturkonserten
Bilete 2: Hannah speler for ei nesten tom Arna Kyrkje






 

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Arna Idrettspark
Adresse: Indre Arna vegen 189
Postnummer: 5260
Sted: Indre Arna
Land: NO
Møtedag: Mandag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no
Møtedetaljer: GPS koordinater: 60.425737,5.471642

Plasser innhold her

Møtearkiv fra
før August 2022



roterende lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

Loading RSS...

Distrikt - Rotary RSS

Loading RSS...